Selje har ei lengre kyrkjehistorie enn dei fleste, og ei kyrkjehistorie av interesse langt utanfor lokalsamfunnet. På Selja kom den første norske helgenstaden i 996, knytt til Sankta Sunniva, det første bispesetet for Vestlandet i 1068 og det første klosteret kring år 1100. I dag er det tre særmerkte kyrkjer i Selje kommune. Selje kyrkje, bygd 1866, ligg midt i eit postkortmotiv, innunder Stad. Kyrkja på Leikanger stod først på Bø og så i Selje, og har landets eldste preikestol. Og Ervik kyrkje, bygd 1970, med sin særmerkte løkkuppel, vitnar om dramatisk krigshistorie. Denne boka fortel over tusen års kyrkjehistorie i heile Selje kommune- frå den første kyrkja på Selja i 996, til feiringa av 150-årsjubileet for kyrkjene i Selje og på Leikanger i 2016. Her er også mykje anna lesestoff - m.a. om Dragseidet og Dragseidspelet, om Ervikpreika, om Seljumannamessa og om dei store feiringane på Selja og Dragseidet i 1968, 1996 og 1997. Rikt illustrert med gamle og nye bilete.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788282401128
Publisert
2016
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja forl.
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
288