Dette er ei lærebok som vil hjelpe deg på vegen til å bli ein god akkompagnatør på piano. Du skal lære besifringsspel på 18 veker, føresetnaden er at du øver og lærer eit nytt stykke kvar veke. Vi startar med det enkle og kvar leksjon tek deg eit lite stykke vidare. Du får grunnleggande kunnskap om nødvendig musikkteori, arbeidsstilling, fingersetning og øving. Innhaldet i denne boka vil setje deg i stand til å forstå musikken, både teoretisk og praktisk. Leksjonane viser til songar i to ulike songbøker. Desse kan du supplere med dersom du synest det blir for lite stoff i sjølve boka. Men boka inneheld nok øvingsmateriale utan desse ekstra bøkene. Dei fyrste 8 leksjonane tek deg gjennom 8 ulike tonearter. Når desse er på plass går vi vidare med ulike rytmar og spelemåtar, bassgangar, melodispel, forspel og pedalspel, for å nemne noko. Du lærer også korleis du sjølv finn ut av kva akkordar du skal bruke. Dersom du fylgjer råda i denne boka er eg sikker på at du blir ein flink pianist. Men det føreset altså øving. Ein halv time dagleg skulle vere passeleg.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788283350036
Publisert
2015
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Alpha forl.
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Spiral
Antall sider
76

Forfatter

Relaterte produkter