I 2016 er det 150 år sidan Joachim E. Sivertsen fekk løyve til å drive gjestgjevarstad på Sandane. Dette var starten på det som skulle bli Sivertsens Hotel. Frå slutten av 1800-talet kom engelske sportsfiskarar til Sandane, og Gloppeelva vart kjend som ei av dei store lakseelvane på Vestlandet. Fram til 1980-talet var hotellet eigd og drive av familien Sivertsen, i fem generasjonar. Etter eit kort mellomspel tok ein ny familie over både eigarskap og drift: Frå 1994 har familien Moen styrt hotellet - som no heiter Gloppen Hotell. Laks, lordar og lokalmat er ei forteljing om desse 150 åra, frå varsam start som skjenkestad med enkel overnatting til konferansehotell med vekt på lokal mat og lokale mattradisjonar. Gjennom tiåra har drifta veksla mellom gode og tyngre år, men eigarane har vist stor evne til å tilpasse drifta til stadig skiftande vilkår og behov. Boka har eigne kapittel om laksefisket i Gloppeelva og om framveksten av turisme i Sogn og Fjordane. Gjennom eit rikt utval av eldre og nyare fotografi er dette også ei forteljing om utviklinga av tettstaden Sandane.
Les mer
Forord av Arvid Andenæs

Produktdetaljer

ISBN
9788282401098
Publisert
2016
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja forl.
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
183

Forfatter