Georg Büchner skreiv forteljinga Lenz to år før han døydde, men ho blei først gitt ut posthumt i 1839. Teksten er basert på dagbøkene til presten Johann Friedrich Oberlin frå vinteren 1778. Då hadde forfattaren Jakob Michael Reinhold Lenz søkt tilflukt hos han, forvirra og på veg inn i galskapen. Büchner kjende seg igjen i Lenz og skreiv ei skildring som både i form og innhald staka ut ein ny veg for litteraturen: innover i menneskesinnet, utan blikk for konvensjonar og moralske fordommar. Hovudsaka for Büchner var innleving i andre menneske, og gjerne dei som fall utanfor samfunnet. Hovudpersonen i Lenz kjenner seg trengt opp i eit hjørne, og galskapen blir den yttarste konsekvensen av det mislykka og umoglege opprøret mot samtidas konvensjonar. Lenz er såleis rekna som ein av dei første tekstane i den moderne litteraturen. Georg Büchner (1813-1837) blir, trass i sitt korte liv og ein avgrensa produksjon, rekna som ein av dei mest viktigaste forløparane for den moderne europeiske litteraturen. Den mest renommerte bokprisen i Tyskland er oppkalla etter han Den unge Büchner var opposisjonell i Vormärz - åra før den mislykka marsrevolusjonen i 1848 - ein periode som var prega av sterk sensur. Han døydde etter kort tids sjukdom, berre 23 år ung.
Les mer
Feil utgivelsesår: 2018

Produktdetaljer

Publisert
2019
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Skald
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Forfatter
Oversetter