Seinmellomalderen har allment sett gjerne vore karakterisert som ei nedgangstid i norsk historie, så også når det gjeld oppfatningar av spørsmålet om korleis det har vore med bruk av skriftspråk i denne perioden. Eit mørkt bilete av skriftkulturen har vore teikna, og ein nedgang i talet på lese- og skrivekunnige har vore framheva. Føreliggjande arbeid ser omatt på overlevert skriftleg tilfang på norsk i tida frå om lag 1350 til om lag 1500. Det gjeld i hovudsak brev med eit rettsleg innhald. Ved å kombinere kvantitative observasjonar med eit nærare tekstleg studium av overlevert tilfang, er det søkt å kome attom det reint kvantitative forhold synest å seia om nedgang og forfall. Ein slik tekstbasert studie av skrift synest å gjera oppfatninga av forfall mindre sikker. Litterariseringsprosessen synest å ha gått sin gang seinmellomalderen igjennom også i norsk samanheng, selv i fråvere av sentrale riksskapande institusjonar. Har litteraturliste.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788270994243
Publisert
2005
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Novus
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
117

Relaterte produkter