Betraktningar frå ei nysgjerrig sjel. Med eit vakent blikk og eit nysgjerrig sinn betraktar Helge Torvund både det vanlege og det uvanlege. Tause ting som stein og tre har her fått sin talsmann. Han kan overraska lesaren med å snakka varmt om kunsten å ikkje vita, og brukar mange ord for å få oss til å innsjå at det er godt å teia og å vera i stilla. I denne boka drøftar han kva som gjer at ein kan få kunst på resept, og kvifor det å trøysta folk kan vera så vanskeleg. Med levande språk og umetteleg kunnskapstørst har psykologen funne fram til mindre kjent forsking og heller uvanlege terapiformer, medan poeten skildrar likskapen mellom kjærleik og dikting; han hevdar at begge delar dreier seg om å finna ein heim. Boka inneheld ei variert blanding av tema, der ein like gjerne finn artiklar om humor og hygge, som artiklar om korleis skadar og sår kan vendast til skapande aktivitet. Det felles bakteppet for desse betraktningane er korleis det å vera nysgjerrig på kva som ligg bak det som omgjev oss og skjer med oss, kan føra til større livsfylde.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788293351740
Publisert
2019
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Jæren forlag
Vekt
400 gr
Høyde
217 mm
Bredde
137 mm
Dybde
22 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
256

Forfatter