Kunstnaren Bernhard Greve (1886-1962) er rekna som ein av dei viktigaste norske glasmålarane, og står bak glaskunsten i svært mange norske kyrkjer. Han kom frå Bergen, men busette seg i Lofthus, Hardanger. Saman med Margrethe Koch (1890-1964) og Ole B. Eyde (1898-1966) utgjorde dei i mange tiår eit kunstnarmiljø i Lofthus, som sette sitt preg på bygda og måla portrett og landskap med motiv frå Lofthus, frå fjellet og bygdene ikring. I tillegg til kunsten, så tok Bernhard Greve tidleg til å samla på gamal husbunad, og i 1920 fekk han sett opp den første røykstova på Skredhaugen. Det vaks etter kvart opp eit heilt tun med gamle bygningar, og i 1937 busette han seg fast i dette idylliske tunet, som i dag er eit bygdemuseum eigd av Hardanger Folkemuseum.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788282401449
Publisert
2018
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja Forlag
Vekt
800 gr
Høyde
248 mm
Bredde
227 mm
Dybde
17 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
167

Forfatter