Mennesket er eit løgnaktig vesen. Løgner blir ofte brukte for å føra einkvan bak lyset, anten det går ut over enkeltindivid eller store grupper. Det mest alvorlege løgnaren gjer, er at han misbrukar den naturlege tilliten som dei fleste individ har til kvarandre. Når løgner blir omtalte, blir dei gjerne blanda saman med sjølvbedrag og illusjonar. Men det er ei uheldig samanblanding. Det å lyga er ei medviten og intensjonell handling, i motsetnad til det sjølvbedraget er. Løgnaren fører oss bak lyset med fullt overlegg. Denne boka er eit forsøk på å klara opp i spørsmålet om kva ei løgn er, og korleis me bør handtera løgner som sirkulerer ikring oss. I tillegg til eit innleiande teori-kapittel har boka analysar av skjønnlitteratur som tematiserer ulike sider ved den rolla løgner spelar for menneska. Dei litterære tekstane er skrivne av forfattarar frå ulike tider, frå Plautus i Romarrikets tid og frametter til Jane Austen, Marcel Proust, Fjodor Dostojevskij, Jan Kjærstad, m.fl.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788270997671
Publisert
2014
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Novus
Vekt
241 gr
Høyde
195 mm
Bredde
120 mm
Dybde
16 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
194

Forfatter