Efrem forlag er oppglødd over å kunna presentera fyrste romanen sin for vaksne, og det av ein noko uvanleg debutant; den er førd i pennen av den 77 år gamle Ola I. Breivega. Han er filolog og tidlegare leiar i Noregs Mållag. Romanen hans, Lutheri!, er full av innsikt i dei uforsonlege kreftene som stod mot kvarandre i Noreg i ei turbulent tid. Og han lèt sitt språklege medium, nynorsken, spela på alle sine strenger, alt frå det pittoreske til det pikante. Lutheri! handlar om den historiske magister Kristofer Rasmusson Hjort, luthersk slottsprest på Akershus og ditto sokneprest i Aker, men samstundes hemmeleg katolikk og leiar for ei undergrunnsrørsle av katolske prestar i Noreg nokre tiår etter reformasjonen. Magisteren legg ikkje noko imellom og er ikkje redd for å slengja med den retoriske pisken. Særleg overfor hovudfienden sin, som han har ein nesten fortruleg omgang med endå han for lengst er død: Luther. Det er difor eit understatement å kalla romanen aktuell - no midt i det lutherske markeringsåret! Tidleg i romanen finn vi magisteren i Rostock, avslørd og landsforvist for «papisme», og der sit han og skriv på memoarane sine. Saman med sonen har han fastna der i hansabyen. Så ein dag dukkar fru Inger Ingolfsdotter opp. Er ho det underet han har venta på? Fru Inger er ei sterk kvinne med sin eigen agenda, og nærværet hennar får magisteren til å bli var behov han ikkje har vore medviten om, fanga som han er i striden for å halda oppe Den katolske kyrkja i Noreg. Romanen fører oss på kryss og tvers i Noreg, både til vakre bygder i Gudbrandsdalen og til Tønsberg, der magisteren minnest sine unge år saman med faren. Og Tønsbergs spektakulære jesuitt, Klosterlasse, figurerer også på romansidene. Ola I. Breivega har med Lutheri! levert ein velskriven og engasjerande debutroman.
Les mer
Terningkast 5: «Muntlig, lett og sømløst trekker forfatteren oss inn i magister Kristofers liv og situasjon . For meg gir romanen et rikere bakteppe av den store omveltingen landet [opplevde] . Vel verd å lese.» Finn Stenstad, Tønsberg blad
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2017
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Efrem forl.
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Forfatter