Musikk i bruk-serien er ein serie læremiddel for musikkfaget. Serien er retta mot musikkpedagogar, frå barnehagen til musikklærarutdanninga ved høgskule og universitet. Han er utarbeidd gjennom mange års prøving og samarbeid mellom musikkpedagogar i grunnskulen og lærarhøgskulen og byggjer på nye prinsipp for utviklinga av læremiddel. Konkrete oppgåver, lærarrettleiingar og kopigrunnlag blir knytte saman med metodikk og musikkpedagogisk teori. Denne studieboka gir ei grundig innføring i utviklinga av lyttemetodikken, prinsippa i Musikk i bruk-metodikken og korleis lytting er blitt ein viktig del av musikkfaget i grunnskulen. Heilt nytt i denne boka er kapitla der forfattaren ser lyttemetodikken i musikkfaget i lys av nyare erkjenningsteori, estetisk teori og læringsteori. Boka legg til rette for eit aktiviserande studiearbeid med studieoppgåver som er knytte til hovudkapitla. Den siste delen av boka er sett saman av fire frittståande studietekstar med ulikt opphav. Dei tek opp sentrale emne for folk som er interesserte i lyttemetodikk, og høver godt som utgangspunkt for analyse, vurdering og diskusjon i ein studiesituasjon. Magne Espeland var leiar for faggruppa som utarbeidde den nye musikkplanen i L97. Han er tilsett som førsteamanuensis ved Høgskolen Stord/Haugesund. Hovudområda hans er musikkdidaktikk og klasseromsforsking. Espeland er forfattar av fleire bøker og redaktør for Musikk i bruk-serien.
Les mer
Denne studieboka gir ei innføring i utviklinga av lyttemetodikken, prinsippa i Musikk i bruk-metodikken, og korleis lytting er blitt ein viktig del av musikkfaget i grunnskulen. Forfattaren ser lyttemetodikken i musikkfaget i lys av nyare erkjenningsteori, estetisk teori og læringsteori. Boka legg til rette for eit aktiviserande studiearbeid med studieoppgåver knytte til hovudkapitla i boka. Den siste delen i boka er sett saman av fire frittståande studietekstar med ulikt opphav. Dei tek opp sentrale emne for folk som er interesserte i lyttemetodikk, og høver godt som utgangspunkt for analyse, vurdering og diskusjon i ein studiesituasjon. Studieboka er veleigna som studiebok ved lærarutdanningane. Har litteraturliste.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788276747751
Publisert
2001
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
338 gr
Høyde
239 mm
Bredde
170 mm
Dybde
10 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
175

Forfatter

Relaterte produkter