Maria vil gjerne sjå tynn ut, slik som nokre av jentene i Paradise Hotel. Ho drøymer om Johannes, for dei to er jo kjærastar, dei er det, det er dei som er det, klart dei er. Johannes svik aldri, han; går rundt med kondom i jakka si, og ventar, og ventar, på ho. Stakkars. Fine guten. Mamma les Knausgård og har kontakt med ånder, papa pratar pent stavangersk og er definitivt snillast. Venninna Mina gir rare råd. Ho går i ei superkristen kyrkje. «Maria mi. Du er mi Maria, du. Mi Maria.» Han var ikkje nøytral lenger. Det var slutt på slikt skodespeleri. Ho hadde munnen hans i heile andletet. Han klamra seg fast til halsen hennar, skrapa langs akslene med klørne, klora seg ned mot ryggen, åla overkroppen sin inntil brysta, masserte ho på rumpa og låra. Det vart mest for mykje av det gode. Ho var lykkeleg og overlykkeleg, letta over at han viste slik glød, nøgd med at han verka så opprømt, glad for at han elska ho. Ja, verkeleg. ELSKA ho. «Snu deg litt mot høgre», sa han. «Eg ligg forkjært med handa. Den vinkelen du har valt, er så vond for meg.» Så klart. Ho snudde seg litt mot høgre. «Kan du trekka vekk håret? Eg får det i munnen.» «Sånn?» Ho trekte vekk dei lyse lokkane frå leppene hans. «Ja. Pass så eg ikkje får håret ditt i munnen. Hugs at det er ubehageleg for meg.» Ho vart litt provosert. Ho var ikkje heilt somaliakvinneundertrykt, heller. «Er det ikkje du som må ta ansvar for det?» sa ho. Ho sa det ikkje sint. Ho berre sa det. Ho angra med ein gong at ho hadde sagt det.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788281401679
Publisert
2016
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Wigestrand
Vekt
259 gr
Høyde
212 mm
Bredde
136 mm
Dybde
20 mm
Aldersnivå
12-16
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
158

Forfatter

Relaterte produkter