Noreg har den mest konsentrerte daglegvaremarknaden i Europa. Tre daglegvarekjeder leverer nittini prosent av maten vi et, og makta til daglegvarekjedene gjeld ikkje berre mellom reolane. Daglegvarekjedene styrer alt frå småbyestetikk og pizzakjeder til dyrevelferd i hønsehuset. Nordmenn handlar mat ofte. Tre av fire husstandar handlar fleire gongar i veka, medan berre éin prosent handlar sjeldnare enn éin gong i veka. Trur du at du sjølv bestemmer kva som hamnar i handlekorga di, kva du skal ha til middag i dag? Denne boka får deg til å tru om att. Før vi får sjansen til å velje noko som helst, er ei rekkje val allereie gjorde. Og ikkje alle er gjorde med ditt og mitt beste som føresetnad. På ein tur gjennom ein daglegvarebutikk syner Siri Helle korleis vala vi gjer, er styrte frå inngangsdøra til kassa. Vi klarer oss ikkje utan mat og har ikkje anna val enn å handle hos ei av desse tre kjedene. Det er på tide å finne ut kva dei eigentleg driv med. Boka er ein del av serien Norsk røyndom.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252197341
Publisert
2018
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
94 gr
Høyde
185 mm
Bredde
118 mm
Dybde
6 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
69

Forfatter

Relaterte produkter