Engasjerte allmugen seg politisk i 1814, eller deltok folket med «påhalden penn», som det heitte når nokon skreiv under for andre? Ser 1814 annleis ut frå ein lokal og regional ståstad enn frå det vanlege rikspolitiske perspektivet? Tolv forfattarar tek i denne boka føre seg dei store politiske hendingane i 1814 slik dei arta seg i bygder og byar i Telemark, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Sentrale tema er vala til riksforsamlinga våren 1814 - kven som engasjerte seg, korleis prosessane føregjekk, kven som dominerte. Det vert også vist korleis tevlande grupper, nettverk og lokale konfliktar greip inn i dei politiske hendingane på lokalplan. Boka byr på eit rikt persongalleri, frå embetsmenn og byborgarskap til myndige bønder og haugianarar. Vala til det ekstraordinære Stortinget hausten 1814 får òg brei omtale, og fleire artiklar har eit blikk ut over 1814. Boka er eit viktig tilskot både til 1814-forskinga og forskinga på politisk kultur i Noreg tidleg på 1800-talet, men også til kunnskapen om lokalhistoria i dei områda som er granska og ikkje minst regionale skilnader i Noreg. Bak boka står ei breitt samansett forfattargruppe med utspring i dei tre fylka, mellom anna frå historikarmiljøa ved høgskulane i Telemark, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788270997619
Publisert
2014
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Novus
Vekt
1286 gr
Høyde
240 mm
Bredde
170 mm
Dybde
35 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
470