. Korleis kan ein vere "myndig" pasient når ein er sjuk og avhengig av sine hjelparar? . Kan den individretta meistringa og myndiggjeringa også bli skalkeskjul for offentleg ansvarsfråskriving? Eit viktig føremål med denne boka er å drøfte slike spørsmål og gi ei fleirfagleg innføring i kva meistring og myndiggjering inneber for fagfolks måte å tenkje og handle på.Meistring, myndiggjering og brukarmedverknad er ord som flittig blir brukte i helse- og sosialsektoren, både i politikken og blant fagfolk. Dei handlar om at pasientar, brukarar og pårørande skal kunne ta i bruk ressursane sine, og vere aktive deltakarar i eiga behandling, og ha medbestemming når det gjeld tenester og omsorg som vert ytt dei. Sjølv om ein legg større vekt på informasjon enn nokon gong, er mangel på informasjon framleis ein vesentleg klagegrunn. Den berande ideen er at dersom meistring og myndiggjering skal bli noko meir enn retorikk, må hjelpearbeidet i helse og sosialsektoren legge større vekt på ein kommunikativ praksis, og ikkje berre reindyrke ei tradisjonell instrumentell tilnærming.
Les mer
Føremålet med denne boka er å gi eit kritisk innsyn i føresetnaden for relasjonen mellom helse- og sosialarbeidaren og mottakarar av hjelp eller behandling. Boka gir og ei innføring i omgrep som meistring og myndiggjering, og frå ulike faglege synsvinklar og ulike praksisfelt blir vilkåra for å utvikle arbeidsmåtar som byggjer på desse ideane diskutert. Boka er aktuell for bachelor og masterstudentar i helse-og sosialfag. Med litteraturliste etter kvart kapittel og stikkordregister.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788205374911
Publisert
2007
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal akademisk
Vekt
485 gr
Høyde
241 mm
Bredde
164 mm
Dybde
20 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
253