I 1972 dreg 25 år gamle Svein til Chile. Han kjem aldri heim att. Tretti år seinarekastar forsvinninga hans framleis skuggar over dei han fór ifrå: deialdrande foreldra Jakob og Dagny, kjærasten Ranveig og dottera Tonje, som han aldri har møtt. Kva har Jakob og Dagny sine opplevingar under krigen fått åseie for forholdet til sonen? Og korleis får avgjerder tatt i ei dekkleilegheit i Oslo i 1943 konsekvensar for Tonje seksti år seinare? Tonje har sine eigne løyndomar å bere på, og nettet av løgner ho har spunne rundt seg sjølv og andre, er i ferd med å rakne. Forteljinga tek lesarenfrå krigens dagar til vår eiga tid - frå Oslo til Natzweiler, Santiago, Pennsylvania og eitforfalle funkishotell i fjellheimen på Vestlandet. Mot eit bakteppe av historiske hendingar viser Mellom oss både korleis det vesle livet speglar den store verda, og korleis gamle løyndomar kan få følgjer mange år seinare. Mellom oss er ei historie om tre generasjonar, og om det vi ber på, men ikkjeklarar snakke om. Men når er det for seint å nærme seg kvarandre?
Les mer
I 1972 drar 25-åringen Svein til Chile utan å vende tilbake. Denne hendinga kastar framleis skuggar over liva til foreldra Jakob og Dagny, kjærasten Ranveig, og dottera Tonje tretti år seinare. Boka handlar om liva til tre generasjonar og beveger seg frå krigens dagar og fram til vår eiga tid.
Les mer
Sidetall hentet fra første trykte utgave

Produktdetaljer

Publisert
2013
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Tiden
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Forfatter