"Mennesket og maktene" (1938), den siste romanen Duun utgav, er og ein av dei mest kjende. "Det var spådd frå gammal tid at Øyværet skulle gå under," står det i første setning i boka. Og det blir stormflod, havet ris, og det vesle samfunnet står framfor døden. I fleire einskildhistorier kjem vi tett inn på livet av dei viktigaste personane - somme av dei overlever, andre bukkar under. I mangt kan vi sjå på denne romanen som ei sammanfatning av heile den episke forfatterskapen til Olav Duun.
Les mer
Romanen gir eit monumentalt bilete av menneske i kamp med både naturkrefter, overnaturlege makter og makter i deira indre. Boka skildrar stormfloda som skyl inn over Øyvære ei natt og tek fleire menneskeliv. Vi får og høyre forhistoria til kvar einskild av hovudpersonane. Ulike vanskar har dei hatt å stri med, så som religiøse kriser, kjærleik og driftsliv, sorg og tap, ambisjonar og vonbrot. Dei som kan godta seg sjølve og livsvilkåra slik dei er, står sterkast når motgangen og katastrofen rammar dei.
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2013
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Aschehoug
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Forfatter