I Mor Homer er død skildrar Hélène Cixous den siste levetida til mor si, Ève Cixous (1910-2013). Mora bur heime hos dottera medan livet går sakte mot slutten, det er ei svært lang reise. «Ein kjenner målet men veit ikkje kor lenge ferda vil vare, om det går år etter år, makteslause år, det er ein odyssé som ikkje skal ende med eit nostos men med ei nedstiging i den underjordiske grotta, eller nei, kanskje slutten blir ei gjenfinning?» Mora har alltid stått på livet si side, ikkje minst som jordmor i Algerie der ho hjelpte tusenvis av nyfødte til verda. I Mor Homer er død er denne grunnleggande livsenergien illustrert med innslag av dei handskrivne råda frå jordmora, Fødsel utan smerter. Døden er ein fødsel av eit anna slag, han er både konkret og samtidig eit mysterium. Den fysiske svekkinga er tydeleg og forandringane er brutale. Siste akt er kroppsleg, men kjærleiken til den elska mora endrar seg ikkje. Mor og dotter opplever den siste tida saman, og boka er ifølge forfatteren skriven av begge to. Mor Homer er død er også ein poetisk-filosofisk refleksjon over livet og døden. Mor Homer er død er den sjette boka av Hélène Ciouxs som er omsett til norsk av Grete Kleppen. Dei fem første er Osnabrück (2003), Blendverk (2006), Gull, breva frå far min (2008), Sypress (2010) og Hyperdraum (2012). For omsetjinga av Blendverk fekk Kleppen Bastianprisen 2007.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788274886162
Publisert
2016
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Bokvennen
Vekt
360 gr
Høyde
216 mm
Bredde
142 mm
Dybde
20 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
213

Forfatter
Oversetter

Relaterte produkter