Edvard Hoem skriv denne gongen ein roman om det foreldra hans ikkje snakka om, korleis mor hans og far hans trefte kvarandre i 1945, og kva det var som førte til at akkurat dei slo seg i lag. Edvard Hoems far var lekpredikant og heldt i krigens år 1940-45 meir enn sju hundre møte i det han kalla Dalenes dal, Gudbrandsdalen. Mora var kokke på Fåberg pleieheim, og ho fekk ei dotter med ein tysk soldat i 1945. Ingen ville vel ha trudd at lekpredikanten og kokka ville finne kvarandre. «Mors og fars» historie handlar om at livet somme gonger tar sin eigen veg og at ingen ting blir slik som vi først hadde tenkt oss det. For denne romanen mottok Edvard Hoem Melsomprisen, og han vart nominert til både Nordisk Råds litteraturpris og Kritikerprisen.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788242167200
Publisert
2018
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Lydbokforlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Lydfil

Forfatter
Lest av

Relaterte produkter