Musikk i perspektiv 2 er ei vidareføring av Musikk i perspektiv 1. Framstillinga av musikken på 1900-talet er inndelt i fire store delar. Første del omfattar tida frå omkring 1875 til den første verdskrigen, andre del mellomkrigstida og den andre verdskrigen, medan tredje del strekkjer seg frå 1945 til 1975. Fjerde del tek for seg perioden frå 1975 og fram til i dag. Forfattarane skriv om endringar i populærmusikk og jazz saman med endringane i kunstmusikken. Skal vi sjå musikken i perspektiv, bør vi plassere omtalen av all musikk der han høyrer heime i tid, slik at vi kan sjå alle sjangrane i lys av same samtid og i forhold til samtidige historiske prosessar. Boka dekkjer læreplanen i faget musikk i perspektiv 2 i programområdet musikk, dans og drama i den vidaregåande skolen. Hans Jacob Tronshaug har musikkvitskap hovudfag og musikkvitskapleg doktorgrad. Han underviser ved Nord-Østerdal videregående skole og er dessutan organist. Svein Tørnquist har musikkvitskap hovudfag og underviser i musikk og historie ved Stord vidaregåande skule.
Les mer
Boka er en videreføring av Musikk i perspektiv 1, og tar blant annet for seg endringer i populærmusikk og jazz sammen med endringer i kunstmusikken. Boka dekker læreplanen i faget musikk i perspektiv 2 i programområdet musikk, dans og drama i den videregående skolen.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788245009163
Publisert
2011
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
735 gr
Høyde
240 mm
Bredde
170 mm
Dybde
20 mm
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
354