Eit fredeleg naboskap med Russland er avslutta. Under ei vernande skodde av hemmeleghald, uklar tale og semantisk forvirring er Solberg-regjeringa i ferd med å overlate mykje av norsk militærpolitikk til Pentagon og hovudkvarteret i NATO. Den enorme dimensjonen til krigsøvinga Trident Juncture markerer at Noreg er blitt ein aktiv deltakar på den offensive sida i den nye kalde krigen. Ei slik markering gjer det også klart at det fredelege, diplomatisk ordna naboskapet med Russland er avslutta. Det blir også tydelegare at Noreg underordnar seg USAs leiarskap, uansett kva eller kven som er på veg inn i den amerikanske styringseliten, og der er det alt no visse bisarre innslag, for å seie det forsiktig. Aktørar frå den gamle kalde krigen hevdar med god grunn at det er USA som har starta den nye.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252198652
Publisert
2019
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
154 gr
Høyde
205 mm
Bredde
130 mm
Dybde
11 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
131

Forfatter