Kva er det med Sigvart Dagsland som gjer han til ein av dei mest folkekjære artistane i Noreg? Dette prøver Olaug Nilsen å finne ut av, og gjer det på ein original måte i denne første portrettboka om artisten. Vi følgjer han frå fødselen til i dag og er innom kjendisstatus, musikk, kjærleik og mykje anna - men særleg med fokus på kristentrua hans. Gjennom 15 år i bransjen, gullplater og Spellemannpris har han samarbeidd med svært mange musikarar og ulike produsentar. Dette er boka om ein stor artist som er i stand til å tenkje sjølv, og som til og med skaper kontroversar. Olaug Nilssen er ein røynd forfattar, har vore tidsskriftredaktør i Kraftsentrum og er leiar ved Skrivekunstakademiet i Bergen. Ho er oppvaksen med TenSing og er Sigvart-fan.
Les mer
Forfattaren skriv i denne boka om Sigvart Dagsland sin karriere og musikk, men og om tru og tvil, om Dagsland sitt forhold til kyrkja og kristen tru, til mor si, og om korleis han traff kona si. Dette er ei portrettbok med ein synleg og aktiv forteljar, som sjølv er fan av Dagsland. Har diskografi.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252173154
Publisert
2009
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
435 gr
Høyde
211 mm
Bredde
137 mm
Dybde
22 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
271

Forfatter

Relaterte produkter