Norske skrivarar i millomalderen er Eivind Vågslids siste store granskingsarbeid om norske brevskrivarar, norsk skrift- og målsoge. Han har her freista så langt som råd er, å syna kven som har skrivi alle kjende opphavsbrev på norsk og latin frå kring 1175 og til og med 1400 og nokre brev etter l401. Han har grunnlagt ein ny granskingsmåte, der breva er samla i flokkar etter handskrift og skrivarhender. Skrift og mål i einskildbrev og brevflokkar er jamførde med skrift og mål i alle kjende opphavsbrev som det er grunn til å tru at nordmenn har skrivi og som ikkje er meir enn 50 år yngre enn jamføringsbrevet. Samstundes har han då i mange høve óg kunna namngjeva skrivaren. Dette gjev større og betre tilfang for skriftgransking og gransking av målog målføre. Skrift og tekst på seglreimar til breva er her registrert og trykt for fyrste gong. Det er ei mengd stadnamn i dei omtala breva og Vågslid har mange nye stadnamntydingar i denne boka óg, i tillegg til tilvisingar til tidlegare stadnamntydingar.
Les mer
Norske skrivarar i millomalderen er Eivind Vågslids siste store gransknings arbeid om norske brevskrivarar, norsk skrift- og målsoge. norsk og latin frå kring 1175 og til og med 1400 og nokre brev etter 1401. Han har grunnlagt ein ny granskningsmåte, der breva er samla i flokkar etter handskrift og skrivarhender.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788200027959
Publisert
1990
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Arnlaug Skjæveland
Vekt
1569 gr
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
804

Forfatter

Relaterte produkter