Nyheitsformidling stiller krav til språket: Det må vere klart og korrekt. Nynorsk pressekontors (NPK) språkreglar byggjer på mange års intern språkrøkt og diskusjon. No vil vi gjerne dele erfaringa vår med fleire. NPK-språket er bygd over den same lesten som Norsk Telegram-byrås (NTB) språkhandbok, NTB-språket (Kunnskapsforlaget, 2007), men tar for seg nynorsk. Boka er delt i to delar: ei ordliste med over 30.000 oppslagsord og ein regeldel med gode råd om rettskriving og språkbruk. Ordlista femnar om basistilfanget av ord i nynorsk - og litt til. Norma har færre valfrie former enn den offisielle rettskrivinga, men dekkjer dei formene som er mest vanlege i bruk. I regeldelen gir vi nyttige tips om mangt som vi veit at mange er usikre på, enten det er teiknsetjing, bruk av tal og talord, store og små forbokstavar, nynorsk rettsspråk eller transkribering. Boka forklarer også dei viktigaste forskjellane mellom nynorsk og bokmål og trekkjer fram typiske feil og vanlege misforståingar.
Les mer
Denne boken tar for seg det nynorske språket og er delt i to deler. Ordlistedelen har mer enn 30.000 oppslagsord og regeldelen gir råd om rettskriving og språkbruk. Boken forklarer også de viktigste forskjellene mellom bokmål og nynorsk.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788257321376
Publisert
2010
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Kunnskapsforlaget
Vekt
794 gr
Høyde
240 mm
Bredde
155 mm
Dybde
30 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Spiral
Antall sider
472

Redaktør