Ny og revidert utgåve av Nye vegar til nynorsk! Boka er oppdatert etter den reviderte læreplanen frå 2013 og den nye rettskrivingsnorma for nynorsk. I den nye utgåva er det oppgåver knytte til mange nye tekstar, både sakprosa og skjønnlitteratur. Nye vegar til nynorsk er eit læreverk for elevar som har nynorsk som sidemål. Læreverket legg opp til at elevane skal bruke nynorsk når dei arbeider med dei ulike emna i faget. På denne måten får dei regelmessig øving i nynorsk gjennom heile studieløpet og hjelp til å bli betre skrivarar. Boka har ein fellesdel og delar for dei ulike årstrinna. I fellesdelen er det ein gjennomgang av formverket og språklege emne som elevar med nynorsk som sidemål særleg må merke seg. I delane for dei ulike årstrinna er det tekstar og oppgåver knytte til ulike kompetansemål i faget. Drill og øv formverk og ordtilfang på nettstaden Nye vegar til nynorsk har ein eigen nettstad med oppgåver til dei ulike kapitla i boka. Mange av oppgåvene vil drille elevane i formverket og ordtilfanget på nynorsk.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788202402891
Publisert
2013
Utgave
3. utgave
Utgiver
Vendor
Cappelen Damm
Vekt
390 gr
Høyde
240 mm
Bredde
170 mm
Dybde
13 mm
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
176

Forfatter