Boka gir ei systematisk framstilling av økonomiske medlemsrettar i samvirkeforetak, med særleg vekt på retten til utdelingar. Kva slags økonomiske rettar kan medlemmane i eit samvirkeforetak ha? Kor omfattande kan dei vere? Og korleis skal økonomiske utdelingar frå foretaket fordelast mellom medlemmane? Spørsmåla blir drøfta i lys av samvirkeprinsippa og dei tilsvarande reglane for aksjeselskap. Hovudtemaet er norsk rett, men også internasjonal og utanlandsk rett blir trekt inn. Forfattaren har lagt stor vekt på å gi framstillinga ei praktisk forankring. Boka vil vere nyttig for alle som støyter på samvirkerettslege spørsmål: leiarar og medlemmar i samvirkeforetak, advokatar, dommarar, forvaltingsjuristar, revisorar, rekneskapsførarar og andre. Boka byggjer på doktoravhandlinga som forfattaren skreiv medan han var stipendiat ved Institutt for privatrett, Universitetet i Oslo.. Tore Fjørtoft (f. 1973) er cand. jur. og Ph.D. i rettsvitskap. Han har tidlegare vore lovrådgivar i Justisdepartementets lovavdeling, og arbeider no i Advokatfirmaet Schjødt.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788205476653
Publisert
2014
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal juridisk
Vekt
1216 gr
Høyde
249 mm
Bredde
174 mm
Dybde
43 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
639

Forfatter