Gjennom ei rekkje satiriske tekstar får både katolske og protestantiske, så vel som ortodokse og karismatiske krinsar, testa sine særeigne trekk mot forfattarens skarpe blikk og muntre penn i boka Økumenikken har brote laus! Sjølvutnemnde profetar, framstormande evangelistar og trusrørsla sine mange fikse idear blir brakt til treskeplassen. Ringside kan lesaren lett få kyrkjekaffien i vrangstrupen i møte med forfattarens eigne tankar om menneskelege lastar, klosterrørsle, moderne krosstog og eksorsisme. Erfaringar frå si eiga trusvandring gjev forfattaren truverde og tekstane tyngde, og han skriv sjeldan friskt og humørfylt. Kombinasjonen gjer denne boka til eit artig . og viktig . innspel i dagens kyrkjedebatt der «økumenikken har brote laus». Roy-Olav T. Øien er nordfjording busett i Bergen. Han er utdanna historikar og jobbar som lektor ved Åsane videregående skole. Øien har lang fartstid i karismatiske rørsler, men er i dag aktiv som subdiakon ved Den nordisk-katolske kyrkja.
Les mer
Dette er ei samling med satiriske tekstar der katolske og protestantiske så vel som ortodokse og karismatiske krinsar får testa sine særeigne trekk mot forfattarens blikk og penn. Forfattaren bruker erfaring frå si eiga trusvandring i tekstane.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788292922156
Publisert
2009
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Efrem forl.
Vekt
151 gr
Høyde
180 mm
Bredde
120 mm
Dybde
10 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
139

Forfatter