Pressemannen og forfattaren Olav Gullvåg (1885 - 1961) delte livet sitt i to. I den første delen vart den trønderske skomakarsonen journalist og redaktør i ei landsmålspresse under etablering. Han markerte seg snart som ein aktiv og ofte hardtslåande «bladmann» i Trøndelag, på Vestlandet og i Telemark. Først og fremst var det til støtte for landsmålet og radikal venstrepolitikk, og han gjekk til og med i fengsel i kampen for ein rett ferdig språkpolitikk. Denne delen av livet vart avslutta med ein fottur med familien gjennom Danmark, Tyskland og til Nord-Italia, der Gullvåg-familien budde i to år. Frå rundt 1930 dominerte «bokmannen», med førstepris i konkurransen om kantate til 900-årsjubileet i Nidaros i 1930, med romanserien «Det byrja ei jonsoknatt » frå 1937, ei rad diktsamlingar, og ikkje minst med «Spelet om Heilag Olav» (Stiklestadspelet) frå 1954. Med romanserien fekk Gullvåg eit internasjonalt gjennombrot, spesielt i Tyskland. Eivind Hasle, pensjonert lektor og skolebyråkrat, har som norskfilolog, historikar - og barnebarn av Olav Gullvåg - hatt eit rikt tilfang å trekke på i arbeidet med biografien. Livshistoria til Olav Gullvåg gir på fleire område interessant og utfyllande kunnskap om språk-, kultur- og litteratur- historia i landet vårt første del av 1900-talet.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788270834723
Publisert
2015
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Snøfugl
Vekt
715 gr
Høyde
251 mm
Bredde
177 mm
Dybde
22 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
178

Forfatter