Eventyrleg reise gjennom dødsriket for å finne den tapte kjærleiken. Kjærasten til Reiner døyr, og han sørgjer slik over henne at han ikkje vil leve meir, han heller. Så blir han kjend med Kapteinen, som gir han eit tilbod han ikkje kan seie nei til. Kapteinen veit nemleg kor døra til den andre verda fi nst, der Reiner kan få møte att henne han elska. Han må gjennom umoglege prøvar og store farar, men har ingenting å tape. Om noko skulle skje byggjer på myten om Orfeus og Evrydike, men den klassiske underverda har forandra seg til eit grått landskap utan mobildekning og med gamle pc-ar som ikkje fungerer. Kjærleiken, derimot, er den same, og fortvilinga når den ein elskar, går frå ein, er like vond som før. I dette spennande eventyret balanserer Hovland lett mellom det djupt sorgtunge og det genuint humoristiske, slik berre han kan.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252193091
Publisert
2016
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
338 gr
Høyde
216 mm
Bredde
140 mm
Dybde
16 mm
Aldersnivå
12-16
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
165

Forfatter

Relaterte produkter