Kjærasten til Reiner døyr og han sørgjer slik over henne at han ikkje vil leve meir, han heller. Så blir han kjend med Kapteinen, som gir han eit tilbod han ikkje kan seie nei til. Kapteinen veit nemleg kor døra til den andre verda finst, der Reiner atter kan få møte ho han elska. Han må gjennom vanskelege prøver og store farar, men har ingenting å tape. Om noko skulle skje byggjer på myten om Orfeus og Evrydike, men den klassiske under- verda har forandra seg til eit grått landskap utan mobildekning og med gamle pc-ar som ikkje fungerer. Kjærleiken, derimot, er den same, og fortvilinga når ein mistar den ein elskar, er like vond som før.
Les mer
Sidetall hentet fra trykt utgave

Produktdetaljer

Publisert
2016
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
12-16
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Forfatter