Eit kritisk blikk på mineralnæringa i fortid, notid og framtid Bokserien Gull, gråstein og grums kjem her med første bind. Det tar for seg dei gruvene og gruveplanane i Noreg som har vore mest omstridde. Vi startar i Guovdageaidnu på Finnmarksvidda med historia om koppar- og gullgruve i Biedjovággi, frå reindriftssamar fann kopparhaldige steinar, gjennom kortvarig drift og fram til kommunestyret i 2013 sa nei til å starte opp igjen. I Kvalsund blei det først på 1900-talet sett igang ei rekke koppargruver. Sidan har det vore drift i fleire periodar, og no blir den største koppargruva i norsk historie planlagt her. Planen har møtt motstand, både mot deponering av avgangen i Repparfjorden og fordi reindrifta vil bli ramma. I Sør-Varanger blei det starta jernmalmgruve i 1906. Heile tida har omlag halvparten av malmen enda som avgang til Langfjorden og Bøkfjorden. Etter gjenoppstarten av gruva har det særlig vore fokus på dei kjemikalia som følgjer avgangen. I Sokndal i Rogaland har Titania AS drive uttak av ilmenitt sidan 1916. Avgangen har gått til Jøssingfjorden og Dyngadjupet, fram til deponeringa blei flytta på land, som resultat av langvarige miljøaksjonar. I Naustdal i Sogn og Fjordane har regjeringa i april 2015 gitt godkjenning for rutilgruve med dumping av omlag 300 millionar tonn avgang til Førdefjorden. Det er stor motstand og kampen er ikkje over. For kvar av gruvene ser vi på kva alternativ som finst framover, og om det er mogleg å drive gruve på ein mindre miljøskadelig måte. I seinare bind i denne serien vil vi sjå på fleire gruver og på utvinningsmetodar, miljøverknadar, lovverket, forvaltninga og aktørane i mineralutvinninga og debatten rundt denne.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788273745347
Publisert
2015
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Davvi girji
Vekt
404 gr
Høyde
240 mm
Bredde
170 mm
Dybde
95 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
203

Forfatter