Voss gymnas opna i august 1916, som det første landsgymnaset i Noreg. Ved hundreårsjubileet er det freistande å spørja: Når var gullalderen? Og kva er eigentleg suksesskriteria? Rektor Blix sa i opningstalen sin: «Det er ikkje fagkunnskapar, serkunnskapar, men ålmenn daning gymnaset skal gjeva.» Har skulen halde seg til dette oppdraget? Boka Oppdrag danning gjev eit nært bilete av livet på Skulehaugen. Me møter elevar og lærarar, deira gleder og frustrasjonar. «- Kor mange poeng reknar du med å tapa til artium på grunn av alt arbeidet du må gjera som russeformann? - Etter ei førebels gransking ser det ut til at eg misser om lag alt eg har, utanom kleda på kroppen.» 1958-russeformann Kjell Snerte Knut Markhus (f. 1969) er utdanna cand.philol. med hovudfag i historie frå Universitetet i Bergen. Han har arbeidd som journalist og faglitterær forfattar, og har vore leiar for ei rekkje kulturinstitusjonar.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788245020243
Publisert
2016
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
1062 gr
Høyde
245 mm
Bredde
193 mm
Dybde
24 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
280

Forfatter