Boka skildrar dei beste turopplevingane på kysten av gode, gamle Sogn og Fjordane, frå Gulen og Solund i sør til Selje og Stad i nord. Eit fjord- og fjellandskap som er kåra til eit av dei flottaste reisemåla i verda. Boka tek deg med til dramatiske toppar som Hornelen og Lihesten, toppar på dei fleste av øyane og fjella langs kysten, og nærturar i bygdene og byane. Boka inneheld også fotturar og sykkelturar langs havkanten. I boka er det med 163 turar i følgjande kommunar / tidlegare kommunar: Gulen, Solund, Hyllestad, Fjaler, Askvoll, Flora, Bremanger, Vågsøy og Selje. Av dette er 140 fjellturar, 10 sentrums- og kulturvandringar og 13 sykkelturar. Sykkelturane dannar ei samanhengande rute frå sør til nord, pluss avstikkarar ut på øyane, og er lagde opp slik at ein kan krysse fjordane med ferjer og rutebåtar. Boka har både lette og meir krevjande turar, med fyldig omtale, oppgjeven vanskegrad, lengde og tidsbruk. Alle turane er teikna inn på kart og flyfoto. Boka viser nøyaktig kvar turane startar og kvar rutene går.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788282401678
Publisert
2020
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja Forlag
Vekt
1100 gr
Høyde
240 mm
Bredde
130 mm
Dybde
20 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
464

Bilder av