Treårsbok til elevane i musikk for ungdomstrinnet. I tråd med den nye læreplanen har Opus lagt vekt på rytmisk og improvisert musikk. Kunstmusikken og folkemusikken blir trekte inn som repetisjon og som komparative element. Stoffet er disponert i 15 kapittel. Dei fem første kapitla tek føre seg grunnleggjande emne som rytme, tone, dynamikk, form og oppleving. Så følgjer seks kapittel med namn frå musikalske sjangrar. Vi følgjer den rytmiske musikken frå blues via jazz og rock over i popindustrien. Fenomenet verdsmusikk får ein grundig gjennomgang før vi ser på framvoksteren av elektronika. Deretter følgjer tre problematiserande kapittel. Først ser vi på korleis musikk og bilete er knytte saman i reklame, film og video. I kapitlet «Musikk i samfunnet» peikar vi på den viktige rolla musikken har i kulturformidling og meiningsytring, før vi ser vi på ulike roller i moderne musikkindustri som produsentar og låtskrivarar. Kapittel 15 er eit komplett kurs i spel på gitar, bass, klaviatur og trommer. Nettressurs: http://nettopus.samlaget.no/
Les mer
Læreverket legger vekt på rytmisk musikk, samtidig som en drar linjer mellom klassisk og nyere musikk. Alle undervisningsoppleggene starter med en praktisk aktivitet; musisering, lytting, komponering eller dans, etterfulgt av teoristoff.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252167214
Publisert
2006
Utgave
2. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
1420 gr
Høyde
270 mm
Bredde
218 mm
Dybde
23 mm
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
380