Natt til første nyttårsdag i 1992 blei kysten av Noreg ramma av den sterkaste orkanen som nokon gong er målt i landet. Mange tusen menneske vart råka direkte, og heile nasjonen vart prega av det som skjedde. I Orkanen fortel Oddgeir Bruaset, den folkekjære programleiaren frå «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu», om det dramatiske døgnet og korleis folk opplevde det. Vi får høyre om Frank Trøger, som dreiv omkring i bårehavet etter at båten hans forliste. Helle Ingelsrud måtte føde i lyset frå juledekorasjonar den natta, og Karin Nesbakk låg i ein kjellar medan vinden reiv tak og vegger vekk over henne. Oddgeir Bruaset laga fleire TV-dokumentarar, og han skreiv ei bok om orkanen. No, 25 år seinare, har han snakka med mange av menneska for å høyre korleis dei opplevde katastrofen, og korleis liva deira blei. Dei fortel om sorg og frykt for framtida, men også om samhaldet mange opplevde. Kva gjer noko slikt med menneske og samfunn?
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252192490
Publisert
2016
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
1122 gr
Høyde
232 mm
Bredde
216 mm
Dybde
30 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
284

Forfatter
Illustratør