Skeive rim om dei sju dødssyndene Det perfekte, hovmodige og ambisiøse er uinteressant, heilt til det går til helvete. Kåtskap og begjær er dørgande kjedeleg, inntil det går skikkeleg over styr. Grådigheit og misunning bør gløymast, om ikkje det inkluderer nevekamp, blod og tårer. Rimsmeden Jon Hjørnevik orkar ikkje å komme på banen før plattfotjoggaren får hundeskit under nyskoen. Det er først når milliardyachten går ned med overlønnna egomann og tiltakslaus solariumsmus, diktaren vaknar. Og kven vil dikta om ein Powerpoint-presentasjon med mindre den inkluderer eit affekt-drap? I Påfuglen som landa i si eiga avføring er alle former for skit samla mellom to pene permar. Heller ikkje diktaren sjølv slepp unna sin eigen penn. Jon Hjørnevik (f. 1970) er forfattar, tekstforfattar, julenisse, forvaltningsrevisor, reklamemann, familiemann, statsvitar, jobbsyklist, nabo, daglegvarekunde og komikar frå Voss. Han debuterte med diktsamlinga I ein sofa frå Korea i 2001 og er mannen bak ei rekkje andre populære diktsamlingar. Hjørnevik er også ein høgt oppskatta opplesar av sine eigne dikt.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788234006951
Publisert
2021
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet

Forfatter