Alfred Hauge slår opp eit stort lerret i romanen Perlemorstrand. Han vil - for å bruka hans eigne ord - «fortelja om vårt århundre og om ein person som gjennomlever vårt århundre». Boka spenner over ein tidleg epoke av 1900-talet, og gir eit rikt fasettert bilete av hovudpersonen Bodvar Staups barndom og det miljøet han veks opp i. Her møter vi først og fremst hans eiga slekt, eit møte der fire og stundom fem generasjonar er representerte samstundes. Det er eit miljø som har si markante geografiske avgrensing, men der folket samstundes har land som Amerika og Kina innanfor sin kontaktkrins. Alfred Hauge skildrar menneske og miljø med burlesk humor og inntrengjande alvor. Boka stiller samfunn og individ opp i spenning og samspel med kvarandre i ei tid med store omskifte. Handlingsgangen er intenst dramatisk. Perlemorstrand har langt på veg den same komposisjonsform som ein kriminalroman. Dertil får menneske og hendingar perspektiv ved at vi møter igjen hovudpersonen i vår eiga samtid, halvhundre år etter at Bodvar Staups barndomshistorie stod i brennpunktet. Perlemorstrand er etter sin struktur eit avslutta verk. Samstundes er boka opptakten til ein trilogi om det 20. århundre sett under eit politisk, sosialt, religiøse og individualistisk perspektiv. Boka høyrer dertil med som eit sjølvstendig ledd i Utstein kloster-syklusen.
Les mer
Katalogisert etter opplysninger fra forlaget

Produktdetaljer

ISBN
9788205487086
Publisert
2015
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal
Vekt
487 gr
Høyde
213 mm
Bredde
139 mm
Dybde
29 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
299

Forfatter

Relaterte produkter