Innsiktsfullt om relasjonar og maktspel Synnøve skriv på ein roman om faren, men klarer ikkje å halde fram når ho må reise heim for å halde han med selskap i jula. Ho saknar den han var før han blei ramma av hjernebløding, den suverene faren, levemannen, kompisen, han ho kunne snakke med om alt. I staden byrjar ho på historia om tre ulike kvinner, tre liv som etter kvart flettar seg saman. Studina Mari forelskar seg i rettleiaren sin, men mister seg sjølv på vegen, skodespelerinna Live vil gå frå kjærasten sin, men følgjer i staden etter henne, åleinemora Anna prøver å finne fotfeste etter eit samlivsbrot. Karakterane er svermande, påverkelege, søkande personar du kanskje kjenner. Macody Lund skriv innsiktsfull om korleis vi speglar og skaper oss sjølve i møtet med andre. Treffande viser ho fram maktspelet menneska kan gå seg vill i.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252183788
Publisert
2015
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
336 gr
Høyde
212 mm
Bredde
140 mm
Dybde
21 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
207