Da andre verdskrig braut ut, rømte Ragnar Ulstein til England og vart med i Linge-kompaniet. Han fekk opplæring i geriljakrig og var på fleire hemmelege oppdrag i Noreg. Etter krigen kjempa Ulstein som journalist for rettane og ettermælet til dei som slost for landet under okkupasjonen. Som krigshistorikar skreiv han om flyktninglosar, englandsfararar, etterretningsfolk og jødar som vart berga frå dødsleirane. Arbeidet hans sikra historiene til desse gruppene for ettertida, og retta lyset mot dei som kom merkte og øydelagde tilbake frå krigen. Han etterlèt seg eit eineståande arkiv, med opptak frå over 1300 intervju med krigsveteranar. Nå kjem endeleg forteljinga om Ragnar Ulstein - ein mann med brennande hjarte og sterk sans for rettferd. Gunnar Myklebust (f. 1950) er journalist og forfattar. Han har vore leiar av utanriksredaksjonen i NRK, og var i perioden 1993-1997 NRKs korrespondent i USA. Han har tidlegare skrive bøkene Route 66 (saman med Joar Hoel Larsen), Tungtvannssabotøren om Joachim Rønneberg, Ishavet og Mysteriet på Magerøya.
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2017
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Forfatter