Rallarvegen er namnet på den totalt 122 km lange anleggsvegen mellom Myrdal og Flåm og langs Bergensbana frå Haugastøl til Voss. Flåmsdalen er eit populært reisemål. Talet på passasjerar på Flåmsbana har stadig auka og var oppe i 475 000 i 2005. Mange vel å sykla eller gå langs Rallarvegen frå Haugastøl eller Finse forbi Hallingskeid til Myrdal og vidare ned til Flåm. Korleis har det storslagne landskapet langs Rallarvegen fått si form? Vi inviterer deg med i tidsmaskina til å sjå korleis is, eld og vatn har bygd opp og rive ned landskapet til den forma det har i dag. Geologar har brukt spor i terrenget til å tolke korleis landskapet blei danna. Desse spora kan du sjå og kanskje tyde frå sykkelsetet.
Les mer
Rallarvegen strekk seg mellom Myrdal og Flåm, og langs Bergensbana frå Haugastøl til Voss. Forfattarane skildrar i denne boka korleis landskapet har vorte forma av is, eld og vatn gjennom millionar av år. Har litteraturliste.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788279590767
Publisert
2006
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Skald AS
Serie
Gråsteinen
Vekt
485 gr
Høyde
233 mm
Bredde
190 mm
Dybde
12 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
110