Skrifta på sjøen. Ein forfattar legg ut på ei reise i eit år saman med kapteinen og dottera deira Olina. Hunden og kattane må bli att heime. Om bord i seglbåten Elle Melle har dei loggbøker, notatbøker og eit skipsbibliotek. "Rapportar frå havet" er ei poetisk omarbeiding av notat frå denne reisa, og vi får også glimt av Olina sine nedteikningar. Kva skjer når ein legg det vanlege livet bak seg og gir slepp på tid og stad? Kva skjer med refleksjonane, med draumane - med skrifta -, når ein er i stadig rørsle? "Eg har nok minne for eit liv, treng ikkje fleire. / Kunne opphalde meg resten av livet i ein seglbåt på opent hav. / Kvar dag ha setningar sagde av andre til underhaldning. / Augo ville etter kvart bli som hav. Drivande, blanke, / ute av stand til å halde ei stove."
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2019
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Forfatter