Kva er refleksjon? Vi tek eit steg til side og ser på vår eiga verksemd: Korleis tenkjer, vurderer og handlar vi? Svaret vi får når vi spør på denne måten, er utgangspunktet for den fenomenologiske tilnærminga som Lester Embree kallar for refleksiv analyse. Dette er ei tilnærming som inkluderer ulike måtar å observere og analysere objekt og hendingar på slik at vi skjøner meir. Viktige tema som forfattaren tek føre seg i denne refleksive analysen er det å oppleve, tenkje, verdsetje og ville. Boka inneheld mange figurar og diagram som oppsummerer nøkkelomgrep og hjelper lesaren til sjølv å prøve seg i refleksiv analyse. Bak i kvart kapittel er det òg øvingar slik at lesarenlettare kan lære seg denne grunnleggjande fenomenologiske tilnærminga. Alle som ønskjer ei første innføring i fenomenologi, vil ha stor nytte av denne boka. I tillegg er boka særs aktuell for studentar som tek filosofi- og metode-kurs ved høgskule og universitet der fenomenologisk tilnærming står sentralt.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788232100842
Publisert
2013
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Akademika
Vekt
386 gr
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet

Forfatter
Oversetter