«Reint som gull er det norske målet», skreiv forfattaren, folkeminnesamlaren, redaktøren, målmannen, teologen og filosofen Ivar Mortensson-Egnund. Det gjeld også valdresmålet, og alle andre verdsens språk. Både det lokale og det nasjonale språket er gull verdt for språkbrukaren. Språket er ein reiskap i demokratiet si teneste - det er den reiskapen du bruker for å kunna gje uttrykk for meiningane dine og fremja interessene dine. Samstundes er språket ein del av både den materielle og immaterielle kulturarven som alle bør vera stolte av å bruke - og vise fram, på line med lokalt kulturlandskap, bygningsskikk, klesskikk og matskikk. Men purt og reint - som Mortensson-Egnund hevdar - kan språket aldri bli, ettersom det er i stadig utvikling og må slipast mot nye inntrykk både innanfrå og utanfrå. Denne boka handlar om arbeidet som Nord-Aurdal Mållag har gjort for valdresmål og nynorsk i 50-årsperioden 1964-2014. I boka møter vi kjende og ukjende personar som har gått i bresjen, men også ei rekke representantar for fotfolket som har kokt kaffi, skrive pressemeldingar, lesarinnlegg og referat, teikna plakatar, selt medlemskort, skrive referat, laga budsjett, drive skulemålsaksjonar, drive åresal og gått på møte.
Les mer
"Mange bilder, fantastisk bruk av lokale annonser skrevet som stev og masse småsnadder i margen gjør dette til en delikat og innbydende sak. Ivar Brynildsen, Valdres."

Produktdetaljer

ISBN
9788299718349
Publisert
2015
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Nord-Aurdal Mållag
Vekt
700 gr
Høyde
270 mm
Bredde
215 mm
Dybde
12 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
112

Forfatter