Draumen om å reise Mange har ein draum om å gjere ei spesiell reise, eller berre dra av stad på ei reise, den store reisa. Kanskje dra opp på det høge fjellet, krysse hava, eller vitje ein spesiell stad. Boka "Lykke på reisa" og denne boka, er litt av historia om korleis Kari Tveiten og Andreas Raknes realiserte sine reisedraumar. I oktober 1983 tok dei seks månaders permisjon frå jobbane sine og reiste som ryggsekkturistar i USA, Chile, Argentina, Bolivia og Peru, i hovudsak med buss og tog. Dei vart fascinerte av denne reisemåten som gjev god kontakt med land og folk. I åra som kom, reiste dei til Mexico, Guatemala, Cuba, Brasil og attende til Argentina, Bolivia, Peru og Chile, og til slutt austover til Borneo. Dei vart pensjonistar som 62-åringar, og frå slutten av 2001 vart det nye turar til Sør-Amerika og seinare til Indonesia, Laos, Kambodsja, Usbekistan, Turkmenistan, Iran, Tyrkia, Kina og Vietnam. Kari Tveiten, f. 17.12.39. Har arbeidd med flyktningar i flyktningrådet i Bergen, siste 17 åra leiar av mottakssentralen for flyktningar ved Innvandrarkontoret i Bergen. I -93, 5 mnd. flyktningarbeid i Guatemala for FN. Andreas Raknes, f. 16.07.39. Har mellom anna arbeidd med databehandling, personaladministrasjon, og organisasjonsutvikling i Norsk Kollektiv Pensjonskasse og Vital. Dei har 3 born og 7 barneborn.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788230014646
Publisert
2016
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Kolofon
Vekt
560 gr
Høyde
241 mm
Bredde
170 mm
Dybde
15 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
253

Forfatter
Bilder av