Hugsar du tilbake til 1950- og 60-talet? Då mange enno ikkje hadde innlagt vatn eller straum, men boka "Vi som koker elektrisk" var ein salsvinnar. Maten var heimelaga, kjøleskåpet nymotens og frysaren ukjend. Ungane gjekk i heimestrikka genserar, og det meste av dukar og sengeteppe, forkle og grytelappar var laga av mor, svigermor eller bestemor. Koppar og tallerkar kom frå Egersund eller Porsgrunn. Lenestolar og salongar tok til å bli vanlege, men dei færraste hadde fjernsyn, og datamaskiner hadde enno ingen høyrt om. RETRO er ei minnebok om barndomen og oppveksten til tre systre frå Aukra i Romsdal med bilete av det som fanst i dei fleste heimar. Det er ei bok mange vil kjenne seg att i, med ein stil som i dag er på moten igjen og vert kalla RETRO. Dette er ei bok om dagleglivets kulturminne, både før og no.
Les mer
Boka er ei minnebok om barndomen og oppveksten til dei tre forfattarane og søstrene som kjem frå Aukra i Romsdal. Ho skildrar livet til kystkvinnene i tida under og etter andre verdskrig, og presenterer bruks- og pyntegjenstandar frå Romsdalskysten.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788282400275
Publisert
2010
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja forl.
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
168

Forfatter
Illustratør