Læreboka er skriven for programfaget rettslære 1 i studiespesialiserande programområde i den vidaregåande skolen. Læreverket består av - Lærebok - Lovsamling (blir oppdatert kvart år) - Fagnettstad for elev og lærar Denne femte utgåva av Rettslære 1 er ei heilt ny bok i forhold til tidlegare utgåver. Familieretten er omstrukturert og utvida med nytt stoff. Det har derfor vorte ei meir samla framstilling av sentrale lover som barnelova, verjemålslova og ekteskapslova. Arveretten er grundigare framstilt på sentrale område, til dømes om livsdisposisjonar og dødsdisposisjonar, medrekna testament. Likestillingsretten og arbeidsretten er omstrukturerte, og viktige delar om tilsetjing, oppseiing og avskjed har fått ei grundigare behandling. Strafferetten er skriven heilt om på grunnlag av ny straffelov. Når det kjem endringar i aktuelle lover før neste utgåve kjem ut, blir det lagt ut oppdatert tekst i nettressursen, og løysingsforslaga blir oppdaterte i samsvar med den nye lovgivinga. Oppdatert kapittel 4 med den nye likestillingslova kan lastast ned under kapittel 4 i nettressursen. Hasse Bergstrøm er cand.jur. og cand.oecon. frå Universitetet i Oslo. Han har meir enn 35 års erfaring frå undervisning i den vidaregåande skolen og ein del år ved lærarutdanninga (ILS) ved UiO. Han har lang erfaring som lærebokforfattar.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788211023377
Publisert
2017
Utgave
5. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
836 gr
Høyde
246 mm
Bredde
175 mm
Dybde
20 mm
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
368

Forfatter