Den erfarne journalisten Ole M. Ellefsen fekk ei skattkiste i fanget i form av fleire dagbøker skrivne av fangstmenn som overvintra på Jan Mayen. Året er 1926. 11 menn er isolert på ei aude øy mellom alt og ingenting. Klippeøya Jan Mayen er nettopp blitt erklært som norsk territorium. Under det ruvande vulkanfjellet Beerenberg skal dei klare seg gjennom vinteren i tronge, små fangsthytter. Målet er å bli rike på revefangst. Vi følgjer karane gjennom vonbrot, krangel og glede. I desembermørket kjem dei svarte tankane. Snart må den eine rømme over fjellet for ikkje å bli slått helselaus. Dei kjem i klammeri om jaktrettane og øydelegg fellene for kvarandre. Til slutt dreg Hank, cowboyen frå Baltimore, ein Colt .38, klar til å drepe.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252183115
Publisert
2013
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
655 gr
Høyde
232 mm
Bredde
165 mm
Dybde
24 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
279

Forfatter