Undertittelen på denne biografien er «Telemarksdiktaren John Lie». Dette bør ikkje forståast slik at John Lies forfattarverksemd berre knytte seg til heimfylket. Tvert imot tok han opp tema av allmenn interesse ikkje berre for norske lesarar, men også for lesarar i Amerika - norske og skandinaviske emigrantar i Midtvesten. Særleg i dei Bjørnson-inspirerte og spennande bondeforteljingane sine skreiv Lie om viktige emne som økonomi, religion og erotikk, på ein slik måte at lesarar utan litterær skolering hadde glede av bøkene. Bondeforteljingane skreiv han på dansk-norsk, og dei gjekk i store opplag i Noreg og i det norske Amerika. Men han debuterte som landsmålslyrikar (1874) og hausta lovord for dei to diktsamlingane han gav ut. Med bondeforteljingane på dansk-norsk erta han på seg landsmålsideologane med Garborg i spissen. På sine eldre dagar vende John Lie attende til landsmålet og skreiv dei to beste bøkene sine om det gamle bondesamfunnet i Telemark. Biografien om John Lie er skriven på bakgrunn av bøkene hans og alt han elles skreiv i lesebøker og aviser, og ikkje minst med utgangspunkt i eit eineståande brevmateriale, som kastar lys over han sjølv, den nærmaste familien og samtida.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788270997596
Publisert
2014
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Novus
Vekt
621 gr
Høyde
240 mm
Bredde
170 mm
Dybde
20 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
210

Forfatter

Relaterte produkter