Denne boka er ein del av den norske kvinnehistoria frå mellom- og etterkrigstida, fortalt av 12 kvinner frå Nord-Trøndelag, mellom åttitre og hundre år. Dei er alle oppvaksne på landsbygda, i eit heilt anna Norge enn det vi kjenner i dag. I løpet av livet sitt har dei opplevd endringar i samfunnet som er større enn kanskje nokon andre i vårt land har vore med på. Dei 12 kvinnene har nokså ulik bakgrunn. Mange har likevel vore knytte til jordbruket, gjerne i tillegg til anna arbeid. Dei har også gjort ein stor innsats i frivillig arbeid rundt om i nordtrønderske bygder. Dessutan har arbeidet i heimen tatt mykje av tida deira. Vi - forfattar Liv Marit Idsø og fotograf/formgjevar Renate Giskås Brønstad - har hatt stor glede av å bli kjent med desse kvinnene. Boka er støtta av Nord-Trøndelag fylkeskommune, og av fleire frivillige organisasjonar i fylket.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788283820041
Publisert
2017
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Embla
Høyde
230 mm
Bredde
249 mm
Dybde
18 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
180

Forfatter