Ein sekstieinårig mann vaknar opp på eit hotellrom. Han har drøymt om stafetten i langrenn for herrar under OL på Lillehammer i 1994, som har nær tilknyting til ei dramatisk hending i hans eige liv. Vinteren 1994, same dag som stafetten fann stad, mista han den eldste sonen sin. Seinare blir han skilt. Han er vegingeniør, lever åleine, og er fast bestemt på å halde fram med det. Men då dottera ein dag overtalar han til å opprette ein facebook-profil, hamnar han på ei datingside som formidlar kontakt med aust-europeiske kvinner. Han får kontakt med Kataryna frå Kviterussland. Eit begjær blir vekt i han. No er han i Minsk, fast bestemt på å forføre denne kvinna som han trur han elskar, men som han enno ikkje har møtt. Smith har skrive ein intens og stilsikker roman om tap, einsemd og begjær.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252183252
Publisert
2014
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
332 gr
Høyde
212 mm
Bredde
138 mm
Dybde
22 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
207

Forfatter

Relaterte produkter