Ein sekstieinårig mann vaknar opp på eit hotellrom. Han har drøymt om stafetten i langrenn for herrar under OL på Lillehammer i 1994, som har nær tilknyting til ei dramatisk hending i hans eige liv. Vinteren 1994, same dag som stafetten fann stad, mista han den eldste sonen sin. Seinare blir han skild. Han er vegingeniør, lever åleine, og er fast bestemt på å halde fram med det. Men då dottera ein dag overtaler han til å opprette ein Facebook-profil, hamnar han på ei datingside som formidlar kontakt med austeuropeiske kvinner. Han får kontakt med Kataryna frå Kviterussland. Eit begjær blir vekt i han. No er han i Minsk, fast bestemt på å forføre denne kvinna som han trur han elskar, men som han enno ikkje har møtt. Nils Henrik Smith har skrive ein intens og stilsikker roman om tap, einsemd og begjær.
Les mer
Sidetall hentet fra trykt utgave

Produktdetaljer

Publisert
2014
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Forfatter